Utan varm Pelz og kaldt øl på Kroa
Til toppen av sida
Onsdag under Veka står Morten Abel på scena i Volda. Som
den einaste vekeartisten held han to konsertar. Den første av desse
er den sjansen dei under atten i Volda har til å få trena
rockefoten under Veka. Det er diverre slik at dei fleste konsertarrangørar
er avhengige av å selje øl for å få reknestykket
til å gå opp. Per Helge Lande er ein av dei mange som set
av onsdagskvelden til å sjå og høyre ein av Noregs
mest populære artistar.
Vi treff Per Helge ved biljardbordet på "Klubben" i kjellaren på
ungdomsskulen. Han vil heller prate om korleis han opplever å bu
i Volda og vere tiandeklassing enn om Morten Abel. For meiningar har han
om mykje og mangt.
- Det finst ikkje eit normalt menneske som synest at skulen er gøy,
hevdar han. Likevel tenkjer han seg inn på «gymnaset»
neste år, han håper på å kome inn på musikklina.
-Dei som går der seier det er gøy, og det er viktigare for
meg no enn akkurat kva eg skal bli. Nokre år til på skule,
så ein jobb kor eg kan tjene feitt med gryn. Men student trur eg
ikkje eg vil bli. Dei sit berre heime med ei bok eller spring på
Treet for å drikke øl. Seier Per Helge medan biljardkulene
treff hola, ei etter ei.
Per Helge er ofte på Klubben og sit mellom anna i klubbstyret.
- Er du ein av dei som engasjerer deg same kvar du er?
- Nei, ikkje over alt, men på klubben kan ein verkeleg få
forandra på ting, gjort dei betre. Difor er eg med i klubbstyret.
Klubben er fin å ha slik at ein kan treffe vener på fritida.
I staden for å sitte utanfor Cubus og spøtte.
Under Ungdomens Kulturmønstring i januar sat Per Helge i juryen.
Han hadde ein solid bakgrunn etter å ha vore deltakar to gonger.
- Vi kom aldri vidare, vi var ikkje så gode, eg trur ikkje
ein gong vi hadde noko namn. Eg spela trommer, men vi la opp då
Maurtua vart lagd ned. Det var utruleg dumt, for det finst eigentleg ikkje
andre plassar å øve for ungdomar i band i Volda. Eg trur
vi skal få til noko der att, det må da vere mogeleg å
spele der sjølv om huset vert freda?
Kroa som ungdomshus etter at studentane ein vakker dag flyttar inn
i eit eige hus synest han er ein god idè. Både ungdomskafe
og øvingslokale i eitt. Knall. Fram til den dagen må han
nøye seg med å stå nedom scena. Sjølv om framføringa
hans av «Born to be wild» på «Nattope» på
Klubben nyleg ga tilskodarane ei aning om talent, energi og lyst til å
vere aktiv oppå scena.
Han gler seg til konserten, det er flott at Veka har eit slikt arrangement,
for det er ikkje ofte ungdomane i Volda kan høyre såpass
til musikk som Morten Abel i levande live. Han har biografien til Abel
sånn nokon lunde inne. Både September When og Pelz er kjende
namn for han, og han er ikkje meir fordomsfull enn at han kan sjå
for seg mogelegheita at han rett og slett blir Morten Abel-fan i løpet
av onsdag kveld. Av vekeartistane hadde han heller sett Clawfinger som
ungdomsartist, det skal helst vere litt rått, sjølv om han
liker mang slags musikk. «Korn» frå USA er dei store
idola, men dei kjem nok aldri til Volda…
Siste kula har funne holet sitt, Per Helge skal vidare. Kanskje ein tur
på Reset for å køyre snowboard, eller få med
gjengen på ei omgang basket, eller ned i gata og treffe kjende.
Onsdag kveld er i alle høve Kroa staden, det kan gå eit år
til neste gong han får sjansen til å gå på ein
retteleg konsert att. Og til vi alle får oppleve den gode vekestemninga
att…
Nett.nedom.nova.1
Til toppen av sida
Velkomen til denne
alle første sendinga frå vekeradioen, eller NETT.NEDOM.NOVA
som er namnet vi trur snart vil vere på alle sine lepper. Vi håper
på å få til faste sendingar kvar tysdag og fredag så
lenge Veka varer. Vi har eit mål om å sjå lenger enn
vår eigen nasetipp. Men med berre studentar her i radioredaksjonen,
vil det i så fall vere å bryte ein gamal og god tradisjon.
Og det gjer vi ikkje med vellyst.
Sendinga har mange spanande innslag i dag. Vi skal få høyre
eit av numra som ikkje vart funne verdig til å få plass i
Vekerevyen. Vi har fått eit lyarinnlegg frå den ikkje ukjende
radiostemma Sture Hansen og vi har sist, men ikkje minst, avsløringar
knytt til både årets og framtidas vekenamn. Alt dette kjem
vi attende til, først slepp vi til Sture Hansen.
Herr Redaktør!
Nå må jeg få slå alarm, alarm! I det konkurrende
organ til Vekeradioen innen den kritiske journalistikken, Nettavisen av
15.08.1997, finner jeg en reportasje som ga meg svært mye å
tenke over. I omtalen "Åge gir Jagland lys og varme" blir vi tatt
med til de virkelig indre sirkler i Norges største parti. To av
Tobbens, ja for det er nettopp han , og ikke noen som helst Jagland det
dreier seg om, noe tilårskomne tilhengere får fritt uttale
seg om både hans indre og ytre. Jeg siterer. "Han er jo så
pen. Tenk å ha fått utdelt både skjønnhet og
intelligens!" Sitat slutt. Den samme uttalelsen har jeg mer enn en gang
hørt falle over lederen av årets Vekestyre, Jo Henning Kåsin.
Tilfeldig? Neppe! Men det kommer mer! De samme Ap-pensjonistene
uttaler videre i samme reprtasje at de, jeg siterer ordrett igjen:"...kommer
til å støtte Ap i høst, som de alltid har gjort. -
Men de er litt for snille når det gjelder innvandrere. Jeg går
mye i kirken og er imot kirkeasyl (...) - Ja, vi er ikke noe for innvandrere.
(...) Først de gamle og syke." Sitat endelig slutt. Og fra svært
pålitelige kilder har jeg at den selsomme Kåsin er kjent for
å være både snill og omtenksom. Tilfeldig, igjen? Atter
neppe! Finnes det en kobling mellom en slik forakt for innvandrere og
øverste leder for Studentveka i Volda, via de innerste kretser
i Arbeiderpartiet? Hadde det ikke vært mer enn dette, ville jeg
kanskje sagt at saken var noe tynn, men jeg har mer, mye mer!
Hvis vi vender tilbake til overskriften og forsøker å
finne ut av hvem denne Åge på Ap-møtet kan være,
finner vi fort ut at det ikke er Mari Maurstads cellomann, Åge Kvalbein.
Han var nemlig utenlands denne dagen. Da står vi igjen med det som
er sakens kjerne. Det må ha vært selveste Åge Aleksandersen.
Tilfeldig? Neppe! Aleksandersen står frem som Veka 97 sitt store
forbilde, eller kanskje sogar avgud? Gjennom en av sine mange schlagere
var det faktisk han som var først ute med årets vkenavn nett.no.
Allerede på slutten av 80-tallet lanserte han landeplagen akkurat.no.
Og når årets konsertprogram blir offentliggjort uten at en
eneste representant for Namsos stolte kulturliv er gitt plass på
scenen? Tilfeldig for fjerde gang? Neppe! Nå må herr Kåsin
komme på banen og avklare Vekas offisielle syn på det mannlige
skjønnhetsidealet, sitt personlige forhold til Arbeiderpartiets
ledelse og innvandrernes plass i det norske samfunnet!
På vegne av vanvittig mange, Sture Hansen!
Vi seier takk så mykje til vår ivrige innsendar, herr Hansen.
Vi tek gjerne imot andre synspunkt, helst på e-post til hen@samson.stud.hivolda.no
Som nemnt i byrjinga, står det høgdepunkt i kø utover
i sendinga. Først no ei sak frå kultulivet. Me har freista
å nærme oss revyscena med eit klårt siktemål om
å kunne kome med avsløringar både om stil og innhald
i revyen før premiera i kveld. Dette har vi ikkje greidd. I staden
gjorde vi som alle skikkelege journalistar gjer når dei manglar
godt stoff, dei finn det dårlege. I søppelbøtta etter
revygjengen fann med mellom anna restane av eit manus. Sundriven som det
var, var det tydeleg at dette ikkje var meint å kome folk for auget,
og langt mindre øyret, men vi var der, i søpla, vi har det
her, i studio, og vi har sett det opp på radioscena! NETT.NEDOM.NOVA,
radioen som held seg for nesa og grev der andre vik attende!
Tenk deg ei scene. Med ei seng. Og ein som ligg i ho. Tenk deg ein mann
i ho. Hvis det vert vanskeleg, tenk deg ei kvinne istaden for. Men tenk
ikkje på dei både i senga på ein gong. Det er ei anna
historie. Tenk deg at mannen, eller helst kvinna om du absolutt vil, er
ein drøymar. Han ligg der i senga og drøymer. Det kan du
sjå på han. Dessutan høyrer du det vel på musikken?
Sove søtt, drøyme godt, seier den, musikken altså.
Du veit ikkje kva han drøymer, eller kanskje gjer du det, om du
da altså har vore med og først skreve sketsjen for så
å sjå han gå i søppelbytta. Vemodig, ikkje sant?
Så er du kanskje glad no for at vi tek han opp, og let han kome
til sin fulle rett i stereo her på NNN-sendaren. Og kanskje er du
den einaste som blir det medan du høyrer på oss i kveld.
Ikkje rart det, med eit program som stort sett handlar om dei sidene ved
andre menneskje som me ikkje synst noko særleg om. Men det var altså
denne mannen, i senga. Som framleis ligg der og drøymer. Det er
berre det at no drøymer han ikkje søtt lenger. Det høyrer
du på musikken, den er blitt vill og springande. Og det ser du på
han. Han buktar og vrir seg der han ligg. Utan at eg vil bli skulda for
å vere særleg freudiansk, ser eg at denne mannen har noko
han slit med, noko i no- eller fortid han ikkje klarer å forsone
seg med. Men så skjer det noko! Opp av senga kjem mannen i nattserk
og -huve. Men han ligg att i senga samstundes! Han står medan han
ligg! Var det likevel ei kvinne med i spelet? Ligg ho att og vansmektar
i sengehalmen? Nei, eg kan som forteljar forklare dykk som lyarar at det
er same mann, og de trur meg sjølvsagt. Fordi dette korkje er framsida
på Noregs største avis eller Ni-nyhendene frå Bergen.
Eg treng ikkje vri på sanninga, eg berre fortel ho slik ho er! Musikken
har medan eg tok ein språkleg omveg falle til ro att, det same har
kroppen i senga. Så du kjære lyar ser altså for deg
mannen som nett.no har rista av seg sengehalmen. Han tek nokre vektlause
steg, og treff på...ja nettopp, det var nesten litt for opplagd:
medstudentane som held på å benke seg rundt kantineborda til
femten minutt kaffi og lausprat. Det ser temmeleg rart ut der han sit
i nattlua si på kantina, men ingen ser ut til å leggje merke
til at det er noko særmerkt med han. Dei ser på klokka, drikk
opp kaffien og set atter kursen mot auditoriet. Orkesteret legg seg på
ein lang, spend akkord med skarpe taggar som stikk opp av vegg-til-vegg-teppet
av lyd. Det ligg eit klimaks nett.nedom.nova. Dei finn plassane sine,
forelesaren er der med eitt med ein kasse fullskrevne overhead-transparenter,
og legg like godt på to med ein gong. Medan han med ryggen til studentane
starter å prate om det han og gjerne skulle hatt med på akkurat
desse transparenane, men som diverre måtte gå ut av plassomsyn.
Stemma hans er låg, monoton og sømndyssande, og ein kan høyre
dobbelthakene hans skrape mot mikrofonen og setje det meste av stemme
i bakgrunnen. Studentane noterer som galne. Vår helt med nattluva
slit med å halde tritt. Sveitten piplar fram på panna, uroa
under dyna i senga aukar att, likeins med musikken. Han ser atter opp
mot lerretet. Førelesaren snur seg. Ved alle sjøldaude lemen
i Dinglavatnet, det er han sjølv! Han har blitt tilhøyrar
på si eiga førelesing! Det blir brått mørkt
på denne delen av scena, eit grelt lys fell på senga. Han
bråvaknar, sprett opp med ei spastisk rørsle, i anletet hans
ser vi kvar Munch fann inspirasjonen til "Skrik". Eit langt hyl høyres
idet han dett saman igjen og alt vert heilt mørkt. "Neeeeiiiii....."
Hadde dei radio på salig Edvard si tid, mon tru? Ikkje? Ikkje før
lenge etter "Skrik"? Hm. Men i så fall trur eg nok det hadde vorte
radiofyk av han, slik som meg, og ikkje målar.
Det nærmer seg slutten på dagens sending, og vi kan vel alt
no slå fast at vi ikkje kom lenger enn nasetippen vår. Og
takk for det.
Men vi kjem sterkt attende seinare, mellom anna med ein knallsterk reortasje
om den overraskinga eller to på Treet som er utlova i Vekeprogrammet.
Vi følgjer opp dagens suksess med ei gransking av sentrale namn
i lokalmiljøet vårt og tek gjerne imot tips frå deg
som lyar på den nemde e-post adressa, eller direkte til Vekekontoret.
Hugs å levere sjølvmeldinga i tide, og følg med oss
igjen på tysdag!
Og heil til slutt kastar vi eit blikk inn i veka si framtid.
Vi har alt vore inne på at årets vekenamn er eit dårleg
plagiat av eit velbrukt åttitalsuttrykk. Men i vårt relativt
oppsøkande nyhendemagasin nett.oppom.nova gjer vi deg sakene før
dei skjer. Vi kan allerie no avsløre namnet for Veka '38, det er
jo opplagd: ho som er nett.no, vart sjølvsagd ufjelg.då!
Nett.nedom.nova.2
Til toppen av sida
Velkomen attende til vekeradioen NETT/NEDOM/NOVA og denne andre sendinga
herifrå. Vi freister i dag å følge opp fredagens sending
med den same sunne redaksjonelle profil: dårleg stoff er betre enn
ikkje stoff. Samstundes må vi vel vedgå at godt stoff heller
ikkje er å forakte, berre det ikkje kjem i for store dosar. Og det
gjer det garantert ikkje her NETT/NEDOM/NOVA. Vi startar i dag ein serie
om norske språklege perler, og tema i dag er det ikkje så
veldig kjende uttrykket "eit hus gjekk meg forbi". I tillegg skal vi som
vanleg innom kulturlivet, denne gongen med stoff både om salig Henrik
Ibsen og ei lettliva ung dame her frå distriktet med ei sterk trong
til å uttykkje seg gjennom poesien. Dessutan skal vi motseie oss
sjølv frå forrige program, der vi uttala at programmet vårt
handla mest om "dei sidene ved andre menneske som vi ikkje synst noko
særleg om". I denne saka skal vi gå sterkt i rette med oss
sjølv. Vi skal utøve skamros om litt, men først slepp
vi til vår stadig like ivrige innsendar, herr Sture Hansen.
Herr Redaktør!
Nå må jeg få slå alarm, alarm! Vi vet vel alle
at det kjente "Mediebildet" fra og med den forestående helg vil
være fyllt av store og gjerne også mindre begivenheter fra
en nærmere bestemt japansk by. Men at innflyttingen av det norske
smørelaget i deres olympiske hus skulle bli en begivenhet av slike
dimensjoner i mediene denne uken hadde vel ikke en gang jeg sett for meg.
I et svært åpenhjertig intervju med statskanalen NRK uttaler
Magnar Dalen at de trenger en uke på å bli kjent med den japanske
snøen. Dette hadde kanskje ikke i seg selv vært nok til å
kaste mistenksomhetens lys over Dalen, om ikke han trekker frem våre
konkurrerende nasjoners satsing på smøre- og prepareringssida.
-Sverige, Tyskland og flere andre land har satset store ressurser på
å komme opp på norsk nivå når det gjelder smøring,
uttaler han bramfritt på norsk radio!!!
I den nøyaktig samme sendingen fra statskanalen uttaler vår
alles kommunalminister seg om hjertebarnet til selveste lederen i Kristelig
Folkeparti, Valgjerd Svarstad Haugland, nemlig kontantstøtten.
Kommunalministeren antyder at personer som mottar sosialstønad
vil få fratrekk av kontantstøtten i sin sosialstønad.
Så kan man spørre seg, er det kun tilfeldigheter som har
satt disse sakene i mediebildet med bare sekunders mellomrom? Neppe!
Det dreier seg nemlig om ressurser! Som smøresjef først
for Sverige og siden for Norge vet Dalen at dette dreier seg om store
penger. Og jeg vet nemlig at Dalen tenkte på å gi seg etter
fjorårssesongen. Når han nå har landet i Nagano er det
nettopp smøring som har fått han til å fortsette. Dalen
har latt seg smøre og noen har åpnet den store pengepungen.
Og samtidig må altså noen sosialstønadsmottakere se
langt etter den mye omtalte kontantstøten. Tilfeldig? Neppe!
Store norske skiløpere kommer fra alskens finurlige plasser
i Bygdenorge, jeg kan vel bare nevne Nannestad, Alta og Bromma. Og hvem
er det som sitter som øverste forvalter av det ytterst utvidede
kulturbegrepet i dette landet? Jo, nettopp Kleppas regjeringskollega,
fru Anne Enger Lahnstein! Tilfeldig? Neppe! Lahnstein har i sin iver etter
å fremme bygdenorges interesser gjort seg selv til en slags motsatt
Robin Hood. Hun har forsynt seg grovt fra budsjettposter reservert for
de svakeste i dette samfunnet, og satset dette på et knippe middelaldrende
menn som har som sitt dalige virke å smøre ski! Pengene har
altså blitt brukt for å overgå de øvrige nasjoners
storstilte satsing på god gli frem mot Nagano! Slik at Bygdenorge
atter kan fylle førstesidene på våre såkalte
riksdekkende aviser. En liknende satsing på toppidrett tror vi ikke
engang Nils Arne Eggen hadde fått på banen om han hadde sluppet
til som kultursweeper på regjeringslaget.
En må her stoppe opp og spørre seg, hva slags verdier
er det vi bygger det norske samfunnet på? Er det nestekjærlighet,
omsorgen for den enkelte, heder til Bygdenorge eller å få
oppleve gull hver natt i noen hektiske februardøgn som er det viktigste
for oss nå i 1998? Jeg spør, men venter knapt svar fra herr
Bondeviks verdikommisjon.
Herr redaktør, det er alarm! På vegne av vanvittig mange.
Sture Hansen
Nok ein gong takk til herr Hansen. Som nemnt allereie i innleiinga har
vi fått ein ny språkspalte i N/N/N frå i dag av. Vi
skal altså sjå på uttrykket "eit hus gjekk meg forbi",
men først skal vi attende til attenhundretalet og til ein gard
nettopp nett.bortom.nova, i Ørsta. Der finn vi ei lystig kvinne
som sit og skriv på det som skal bli sjølvbiografien sin.
Det blir ei underleg bok, mykje godt folk både frå Volda og
Ørsta blir nemd med namn i han. Mellom andre sognepresten i "Voldens
kall", Jørgen Peter Mandal. Men mannen hennar som fekk fleire born
med blir ikkje omtale på anna måte enn dette: "I mit 22de
Aar indgik jeg ægteskabelig forbindelse". Truleg har ikkje eingong
nokon av Elisabeth Taylors mange ektemenn blitt utelatne frå sjølvbiografien
hennar, så her har vi med eit stykke biografisk prosa utan sidestykke
i moderne tid. Men det var denne skrivande kvinna sitt gode humør
sett i samanheng med den viktige rolla ho med eitt mar fått i notidas
samfunn vi skulle rette fokus mot: Ho skriv på side atten i utgåva
frå 1860 om si sterke Gudstru som "en lægende Balsam for mit
saarede Hjerte, og jeg fattedes heraf nogen Trøst (...), skjønt
det mestendels gik med disse Naadeglimt som med den naturlige Sol, der
snart skinner klart, snart igjen skjules av Skyer." Når vi så
òg les om hennar " eget usle Intet" og ho sjølv som "den
Elendigste af alle Guds skabninger", då forstår vi at med
henne i vår midte blir det mykje moro for liten og for stor. Vi
ser på denne informasjonen som viktig for å gje alle dei som
no kjem denne poeten tett inn på livet dei riktige rammene for deira
sameksistens. For å sette forteljinga om denne kvinna inn i det
riktige perspektivet, har vi sendt ut ein reporter for å finne ut
om ho verkeleg høver til den plassen ho er tiltenkt her i "Voldens
kall".
-Jau, her er vi direkte inne for å kome til bunns i den vaskelege
namnesaka ved Høgskulen i Volda. Eg står nett.no inne i huset
som i lengre tid har blitt omtala med dei velklingande namna "nybygget"
og "Høgskulebygget". Gode og informative namn begge desse, men
dei har altså begge no fått avløysing. Og eg skal no
foreta den kjende "Berte Kanutte-testen" for å finne ut om namnet
høver ungen. Tilsvarande test kan ein gjere på alle andre
eigennamn, men bygningar er særleg godt egna. Det eg altså
skal gjere, er å gå tvers gjennom huset medan eg ropar namnet
høgt opp mot taket og ut mot veggane. Ved då å kjenne
på vibrasjonane eg får attende finn eg ut om dette var det
rette namnet. Vi siterer Ingebrigt Morset og set i gong med eit friskt
"å køyr": Berte Kanutte! Berte Kanutte! Berte Kanutte! Jau,
eg kjenner at stålkonstruksjonar, termopanglas og skiferstein verkeleg
syng attende til meg, dette er verkeleg eit verdig monument over 1800-talets
store, norske, haugianske salmedikter! Her kan ikkje nokon kome i ettertid
og si at eit hus har gått dei forbi i denne saka.
Då seier vi takk til vår utsende medarbeider, og håper
vi kan kome tilbake med namnetesten vår på fleire områder
i neste sending. Fram til det oppmodar vi dykk, kjære lyttarar,
til å prøve ut metoden sjølv. Rare blikk og kommentarar
skal du ikkje bry deg om!
Sendinga går mot slutten, og den stadig tilbakevendande og
knallsterke reportasjen om overraskingane på Det grøne treet
må nok ein gong gå ut av tidsomsyn. Vi vel istaden å
ta ein tur innom det høgre kulturlivet. Vi lova dykk stoff om Henrik
Ibsen og det skal de få. Det næraste vi kjem hans dramatiske
nivå i Volda i desse tider, er på scena i samfunnshuset. Vi
i redaksjonen har tidlegare fått med oss spelstykker både
frå dei skrå og noko meir flate bredder. Vi har både
sett bondestudentane på Ås og dei teknisk-naturvitenskapelege
studentane i Trondheim skipe til revy, men ingen av dei har vore i nærleiken
av det Synnøve Nes og hennar medarbeidarar har fått til.
Og i same slengen vil vi ta med alle i og utanfor staben til den tidlegare
mykje omtala vekesjef Jo Henning Kåsin, alle dei som har gjort Veka98
mogeleg. Vi gjev dei alle skamros og seier omlag som Peer Gynt gjer det
i sitt møte med Vårherre: "Men dem skal I agte og hædre
og gjøre det riktig tillags; her kommer ikke nogen bedre fra Byggderne
nutildags.-" Og idet vi rundar av for i dag legg vi til: og ikkje frå
byane heller!
Nett.nedom.nova.3
Til toppen av sida
Velkomen nok ein gong til NETT/NEDOM/NOVA, radiokanalen som svingar seg
høgt og lågt. Som ikkje synest at noko sak luktar for vondt
til å stikke nasen borti. I denne tredje og absolutt siste sendinga
skal vi freiste å sjå oss attende og samstundes fram i tid.
Førre gong skapte vi på mange vis ein heilt ny trend idet
vi dreiv både brei og djup folkeopplysning om Berte Kanutte Sivertsdatter
Aarflot, eller berre "gladjenta frå Ørsta" som mange nemnar
henne. I dagens sending blir det mykje stoff om det som skjer på
dei tidlegare omtala skrå breidder. Alt dette og mykje meir kjem
vi attende til, men som våre faste lyttarar sikkert kjenner til,
det står allereie ein kar og brenn etter å få kome på
lufta. Nok ein gong, og på tallause oppfordringar, Sture Hansen!
Herr Redaktør!
Nå må jeg få slå alarm, alarm! Nok en gang
må jeg ta til orde for å vekke det norske folk fra deres dvale.
Og nok en gang er det det kjente "Mediebildet" som skriker etter inngripen
fra en fast og myndig røst. For å se alvoret i situasjonen
trenger vi solid bakgrunnsinformasjon. Jeg vil derfor ikke spare på
detaljer som for enkelte sikkert virker skremmende, men som er uendelig
viktige å få frem for det norske demokratiets skyld.
Mandag kveld gikk det svært populære arrangementet
"Studentbandkveld" av hengslene i forbindelse med Veka 98. For uinvidde
trenger vi vel å informere om at dette arrangementet gir alle som
greier å holde en mikrofon en mulighet til å oppleve seg selv
som stjerne i 15 minutter på scenen på Kroa. Ikke få
benyttet mandag denne muligheten til å speile seg selv i de skinnende
øyeeplene på et entusiastisk publikum. Representanter for
medieorganet Veke-TV'n var tilstede for å lage det jeg, og flere
med meg, trodde var reportasje uten slagside. Der stikkordene var objektivitet,
musikalsk forståelse og spennende kameravinkler. Fikk vi så
se disse fine formuleringene omgjort til levende bilder i ettertid? Langt
derifra! Og er dette tilfeldig? Neppe!
Men før vi trekker noen konklusjoner, trenger vi også
å vite hva som skjedde på bakrommet den samme kvelden mens
de første bandene sto på scenen. Der bak var journalister
fra nettopp Veke-Tv'n i ferd med å gjøre intervju med ett
av orkestrene. Fordekt bak et skalkeskjul av en ide om å vise hvordan
det kan oppleves å være deltaker, hadde de altså valgt
ut ett "tilfeldig" orkester som representant for samtlige deltakere. Jeg
skriver "tilfeldig", men er det egentlig det? Neppe! Grunnen kommer jeg
tilbake til med full tyngde om litt.
For å la en kort, og det noen med urette kanskje vil beskrive
som en syltynn, historie fortsatt få være kort: På den
omtalte TV-stasjonens sending tirsdag får vi historien fortalt uten
at det blir gjort forsøk på å kamuflere de nakne, og
for de involverte, ytterst kompromitterende fakta. Orkesteret som ble
vist særlig oppmerksomhet er identisk med den vinneren juryen pekte
ut som beste band! Tilfeldig? Neppe! Særlig ikke med tanke på
orkesterets navn: Bitter. Fire unge menn som livet har fart hardt med,
eller et innlegg i alkoholdebatten? Lenge trodde vi at det første
var tilfelle, men sett i sammenheng med prisen på en 35 centiliters
flaske av dette stoffet, som er praktisk talt identisk med billettprisen
til det øldrikkende rockeuhyret Clawfinger, greier vi såvidt
å se de fulle konsekvenser av hendelsen! Når en i tillegg
ser på uttalelsene fra det konkurrerende bandet Not Related i første
nummer av På Nett om at "juryen som skal kåre vinnerbandet
er sikkert kjøpt og betalt av Vekestyret", må vel selv den
mest naive ane at her ligger det en død ugle begravet i mosen!
I alle fall lukter det stygt!
Hva hjelper det da å arrangere rusfri ungdomskonsert, når
styret gjennom sin styring av både juryen og mediene bidrar til
å spre alkoholkulturen blant uskyldige og intetanende deltakere
i det som er omtalt som et kulturarrangement. Veka 98 ved sin sjef, den
etter hvert svært ubarberte herr Kåsin må øyeblikkelig,
og med en gang, på banen for å klargjøre sitt syn i
denne saken!
Herr redaktør, det er alarm! På vegne av vanvittig mange,
Sture Hansen
Takk til herr Hansen for denne nyttige klargjeringa av motkreftene i
lokalsamfunnet slik at vi alle kan velje side i den vidare debatten. Slik
kan vi unngå å lytte for mykje til kvarandre. Har ein ein
motstandar, har ein òg øyre til å lukke synspunkta
hans ute med. Det viser all vår erfaring.
Og no, kultur. Vi har kanskje til det kjeisame heldt dykk lyttarar på
pinebenken med omsyn til avsløringa av overraskingane på
Det grøne treet vi var blitt lova i løpet av Veka. Vi kan
no offentleggjere ei av dei. Tysdag kveld gjesta Odins Jazzmadrass Volda
for første gong. Fire unge musikarar med stort talent og idealisme
nok til å ta turen frå Bergen utan å tjene særleg
feitt på det. Gjennom ein variert konsert ga dei oss sine eigne
tolkingar av låtar frå jazzen si store skattekiste og utdrag
frå eit sjølvskreve, sterkt repertoar. Vi kosa oss stort
medan vi lytta til trommer, bass, gitar og saxofon i samspel i det svært
intime lokalet. Vi håper musikarane har den tidlegare omtala evna
til å lukke ute det ein ikkje vil høyre, men bodskapen frå
bordet inst i kroken på slutten av ein vellukka konsert blei slengd
ut med eit slikt volum og i så mange variasjonar at vi er redd det
nådde fram til adressaten: "- No må de for helvete ta til
å synge snart, gutar!" Og så kan jo du spørje, kva
er det som er så overraskande med det, folk har da til alle tider
drukke for mykje øl og servert hånlege og usmakelege kommentarar?
Det er ikkje det som er poenget, overraskinga var at Odin og hans vener
på madrassen etter konserten sa at dei gjerne ville besøke
oss i Volda att. Det er for oss her i radioen ei stor overrasking og tross
alt ei stor glede at musikarar gidder å bruke tid på scener
der ein liten, men høgrøysta del av publikum ikkje skjønar
at det er forskjell på å vere på fest hos han Per og
på konsert. Der musikarane faktisk har noko dei ønskjer å
fortelje oss gjennom kunsten sin...
Og heilt til slutt for i år, endå meir kultur! Heller ikkje
no vier vi lågkulturen særleg merksemd, men set fokus på
"fritonale miniatyrar". Ei kunstform som kombinerer disharmoniar med det
vakre. Vi overvar konserten med dei kjende orkestra M20 og M40 i aulaen
i Kaarstadhuset på torsdagen. Vi kom dit med ein draum om at kanskje
kunne vi der oppleve å bli forstått. Kanskje dei tonane kunne
uttrykkje dei mange kjenslene ein hardt pressa student kjenner trenge
seg fram frå hjartet, men som han ikkje så lett kan uttrykkje
med ord? Og faktisk kom dei på bølgelengde, traumane mine
og dei frie tonane. Kanskje sterkast uttrykt gjennom Jarle C. Helgesens
"Scherzo Confusioso" og det vi trur var Hege Segtnans stykke utan tittel.
På kvart sitt vis uttrykte dei det varme og det kalde, lengten,
desperasjonen, gleda, alle dagane fram mot eksamen, kor lett det er å
berre sjå ned i pulten når ein blir spurt om å
stå opp og kjempe for ei god sak, kantineprisane, fruktbløminga,
førskulejentene sitt sakn etter fleire gutar på studiet,
lærarstudentane si redsle for at avspaseringa om sumaren ikkje lenger
vil gje åtte veker fri når dei omsider kjem ut i grunnskulen,
vissa om at alt blir bra på Høgskulen i Volda når vi
berre kan få kome inn i ho Berte Kanutte, redsla for at departementet
skal overprøve namneavgjersla, gleda over å sjå medstudentar
kome trillande med neste generasjon til førelesingar og kollokvier,
frykta for at det framleis ikkje vil møte fram fleire enn sju av
dei sjuhundre medlemane i studentidrettslaget på dei stadig tilbakevendande
ekstraordinære årsmøta og at Idrettsbygget såleis
vil bli stengd til evig tid, kjensla av at livet blir forferdeleg tomt,
platt og innhaldslaust når ein tek vare på størsteparten
av sitt sosiale liv i ei verd der hjartevarme, gjensynsglede og begjær
blir kjøpt i halvlitersglas og samtalar ikkje går djupare
enn det ein greier å få uttrykt i setningar på ikkje
meir enn sju ord ropa inn i øyret på sidemannen, stilla oppe
på fjellet ein godvêrsdag der berre vinden kviskrar venleg
i lag med skiene dine der dei lager dei første spora på veg
mot kvarsomhelst, dragninga mot han med det gode, varme smilet du ser
i kantina kvar dag, alt ein kunne ha vore med på, alt ein får
att om ein faktisk blir med, og alle eksamenane ein går opp til
på livsskulen kvar dag, og undringa over at ein står kvar
gong, og faktisk gjer det betre for kvar gong ein tør å prøve
noko nytt! Kort sagt, musikken uttrykte det å vere menneske, nett
her, nett no.
Mens vi venter på Godot og den engasjerte
student
Til toppen
Jeg tror den finnes. Den gode løsningen. På de aller fleste
utfordringer. Hvis vi setter oss godt inn i saken. Og finner ut hva som
er gjort av gode og dårlige forsøk. Vi skal se på et
av verdenshistoriens mest vellykka forsøk på å framelske,
ikke skape, engasjement. Alt som kommer fram gjennom dette kombinerer
vi med egne erfaringer og sorterer nøye. Det som ikke har verdi
kaster vi over bord. Men for å klare det må vi være
i stand til å tenke sjøl. Og heldigvis er vi alle det. Det
er bare det at vi er så utrolig hemma i tenkinga vår av alle
mulige ytre og indre faktorer. En av dem heter kultur. Som jo i grunnen
ikke er annet enn en dårlig unnskyldning for ikke å tenke
sjøl.
Å legge ned sin store sjel
Engasjement er
ikke først og fremst en kroppslig ting, det dreier seg i grunnen
mest om sjel. Om hvor stor sjel en legger i ting. Og hvis vi oversetter
stor sjel til urdu, får vi mahatma. Og da går tankene først
til Mahatma Gandhi, som virkelig var en som visste å engasjere
seg. Og som greide å tenke nytt. Som fikk millioner av mennesker
til å satse liv, jobb og hjem for en større sak. For hverandres
sak. For et samfunn bygd på virkelig likeverd. Målet var Swaraj,
frigjøring. Først og fremst fra det engelske koloniherredømmet,
men også fra urettferdige og ødeleggende tradisjoner i det
indiske samfunnet. Fra kulturen, om du vil.
Når saken er rett og umaken verd
Men for Gandhi var veien på mange måter viktigere enn målet.
Og det som pekte ut veien for han var sannheten og kjærligheten,
satya på urdu. Å holde fast på noe heter sadagraha.
Og ut fra dette skapte Gandhi et helt nytt ord: satyagraha, å holde
fast på sannheten og kjærligheten. Han jaktet hele livet på
det rette, og greide å få millionene til å kjempe sammen.
Og det i en nasjon som var delt både mellom religioner og innafor
religionen igjen gjennom kastesystemet. Fordi han trodde på noe
sant, en sak der hver enkelt følte seg betydningsfull ganske enkelt
fordi hun var det. Vi lar mesteren sjøl uttrykke det, på
et litt uoversettelig nynorsk: "People come out of the woodwork when our
cause is just and worthwhile".
Og så spør vi oss sjøl
Jeg sier det ikke riktig så poetisk: Det hjelper oss ingen ting
å skylde på målgruppa for vårt gode budskap hvis
det ikke når fram. Enten budskapet er et partiprogram, et undervisningsfag,
en religiøs tro eller studentengasjement. Det kan være sunt
for oss sjøl å ha noen å skylde på, men vi kommer
faktisk ikke en meter videre. Det som derimot kan være nyttig er
å gå hjem i tenkeboksen og spørre seg sjøl og
sine trosfrender: Angår budskapet dem jeg henvender meg til? Legger
jeg det fram på en slik måte at jeg greier å nå
inn, helt inn? Det er det grunnleggende. Så kan en jo utlede mange
andre spørsmål fra det igjen. Greier jeg å få
hun som er interessert i dette til å føle at her er hun viktig?
Er dette nært nok? Er dette konkret nok? Lytter jeg nok til nye
ideer som kommer? Bruker jeg "det er sånn vi pleier å gjøre
det" som det evige argumentet mot nytenking? Får alle snakke like
mye? Lar jeg folk få holde på med det de ble med for å
gjøre? Lar jeg lysten drive dem? Ler vi nok? Hvor mange kulturelle
konvensjoner sprengte vi i dag?
Å leve som vi lærer
Der bomma jeg stygt du... Jeg greide faktisk ikke å leve opp til
idealet jeg skisserte ovenfor. Jeg var språklig konvensjonell, lot
ingen andre få si noe og fikk trolig heller ikke noen til å
le. Men så går det jo alltids an å gjøre det
til et poeng: jeg stoppa opp, vurderte resultatet ut fra noen enkle spørsmål,
fant ut at jeg ikke nådde helt opp og tenkte at dette var ei nyttig
trening, neste gang kommer jeg sikkert nærmere.
Gode råd for et økt engasjement
Det ble engang gjort en vitenskapelig undersøkelse om det norske
folks lykke. Jeg husker ikke lenger hvem som undersøkte, men som
alt annet på og mellom disse linjene er det aldeles sannferdig.
Målet var å finne ut når vi var mest fornøyd
og mest positivt innstilt til livet. Folk ble spurt på alle mulige
av døgnets tider om hvor lykkelige de var. Jeg kan såvidt
forestille meg hvordan de svarte som ble oppringt midt på natta.
Men resultatet er ganske interessant, den samla positivitet i Norge er
størst klokka sju minutter på halv fire om ettermiddagen.
Hva om alle lag og organisasjoner la sine møter til det tidspunktet,
hvor stort oppmøte, løftet stemning og gode ideer kunne
vi ikke da rekne med? Det er det eneste gode rådet jeg har. Bortsett
fra å fortsette med å stille spørsmål. Spørre
meg sjøl, og spørre andre. Men skal det være noen
vits i det, må jeg faktisk lytte til svaret, og ta det på
alvor. Slik at nettopp det engasjementet og den samarbeidsviljen som allerede
finnes der i oss alle blir framelska. Som Gandhi sa det: When our cause
is just and worthwhile...
Lav lønn og høge utgifter - og omvendt
Til toppen
Det kan være vanskelig å etablere seg som nyutdanna med lang
utdanning. Utgiftene til studielån, boliglån og kanskje også
unger er ofte høge. Skal du inn i offentlig sektor kan du dessverre
ikke rekne med ei tilsvarende høg lønn.
Som adjunkt starter du for eksempel etter fire år med studielån
med ei årslønn på 191.000 kroner. Trøsta di
er at du etter hvert kan komme opp i 250.000 kroner. Men det skjer først
etter 28 år. Situasjonen er tilsvarende også for andre utdanninger,
men de lange lønnsstigene finner du først og fremst innen
offentlig sektor.
-Er dette rettferdig? spør vi distriktssekretær i Lærerlaget
i Møre og Romsdal, Asbjørn Karlsen. -Nei, og Norsk Lærerlag
øsnker ved årets oppgjør nettopp å prioritere
de nyutdannede gjennom blant annet å gi tre lønnstrinn ekstra
for de seks første årene. Stigene forlenges og kuttes om
hverandre, og etter å ha vært maksimalt 16 år en periode,
er de nå oppe i 28 år på det meste. Årsaken til
at det tar så lang tid å nå topplønn i denne
typen stillinger, er at mulighetene til avansement er små for eksempel
som lærer. I andre sektorer er det lettere få opprykk og dermed
få økt lønn.
Berit Berg i Landsorganisasjonen svarer på spørsmålet
om rettferdighet at hun har spurt seg sjøl om det samme. -Men det
er også viktig å se på en annen type rettferdighet.
Etter å ha vært i en jobb i mange år vil du gjøre
en bedre jobb og da er det også viktig at dette blir premiert, framholder
hun.
Verdisyn
-Dette handler om verdier, mener forbundssekretær Anne Finborud
i Skolenes Landsforbund. -Vi har aldri ønsket de lange lønnsstigene,
for oss er det viktig at folk får lønna når de trenger
den, ikke mange år etterpå. Vi prioriterer å heve begynnerlønna
og kutte stigene, sier hun.
Fra arbeidsgiversida blir det vektlagt at økt kompetanse rettferdiggjør
økt lønn, og avvist at dette har noe med verdier å
gjøre. -Å forlenge og forkorte stigene er en rent teknisk
ting i forhandlingene, påpeker Norum i Kommunenes Sentralforbund.
-Men arbeidstakerorganisasjonene er samstemte i at de ikke ønsker
en så stor forskjell i begynnerlønn og topplønn og
de mener at det er arbeidsgiverne som har vært den viktigste faktoren
i denne utviklinga, innvender Peikestokken. -Selv om arbeidstakerorganisajonene
uttrykker at de ser det som urettferdig at en tjener såpass lite
i etableringsfasen, tror jeg ikke at de vil la det komme til reeelt uttrykk
i forhandlingene. Det ville medført ramaskrik blant medlemmene,
avslutter Norum.
Studielån eller studielønn?
Ronald Nolet på sammfunnsfagseksjonen ved Høgskulen i Volda
ser godt dilemmaet, og ser på studiefinansieringa som en viktig
nøkkel til å endre dette. Studntenes organisajoner har en
viktig jobb å gjøre på dette området, sier han.
Fra LO blir det fremhevet at dette først og fremst er et problem
som må løses gjennom studiefinansieringa. -LO ønsker
å øke stipendandelen på studielånet og slik komme
dette misforholdet til livs, sier Berit Berg. Hun skjønner godt
at de som er unge opplever en urettferdighet i lønnsansiennitetssystemet
og husker at hun tenkte på samme måte selv da hun var ung.
-Alle har vi slitt. Det var like vanskelig for oss, og nå får
vi som middelaldrende betalt for det vi sleit den gangen. Vi har relativt
god råd, og jeg bruker av mitt overskudd til å hjelpe mine
barn, slik at de skal slippe å få en for tøff økonomisk
start som nyutdanna.
Veka 99- noen pedagogiske konsekvenser
Til toppen
Veka er slutt for i år, og det er på tide å spørre:
Hva lærte vi? Ikke først og fremst om å arrangere Veke,
men
heller: Hva har overføringsverdi til resten av livet, til de
51 andre ukene i året?
Du må ikke sove
Det var mye vettugt tankegods å hente på Veke-akademiet.
Hjerneforsker Per Oskar Andersen fortalte oss at det verste hjernen veit
er å slappe av. For å utvikle seg trenger den input og arbeidsoppgaver
hele tida. Etter denne nye innsikten begynte jeg til og med etter seine
Veke-kvelder å stå tidlig opp for å gå på
de forelesningene jeg skulle. Jeg tenkte det var best ikke å hindre
mittt tenkende jeg i utviklinga. Så satt jeg der i et svært
glissent auditorium og funderte over at det var sannelig mange fraværende
studenter som heller ikke ble observert på Kroa seint kvelden før.
Jeg kunne høre hjernebarken deres krympe seg i mangel på
impulser. Ikke konsert og ikke forelesing.
Du kan la deg inpirere
Og så gikk tankene videre til de impulsene foreleserne våre
trenger for å stimulere sin hjernebark. Om det finnes en usynlig
barriere som for eksempel hindrer musikkseksjonen i å møte
opp mannsterke for å høre et grensesprengende band som Phono
spille i Volda? Kanskje Andersen tar feil, kanskje både liker og
trenger hjernevinningene til skolens lærerkollegium å slappe
av? At nesten ingen av dem ville høre Svein Tindberg snakke om
tekstformidling tyder på det. Hadde det ikke vært for de kvartfylte
auditoriene deres kunne en jo bli frista til å tro at de kunne alt
om formidling...
Du trenger ikke kritisere
Per Inge Torkelsen har også mye å lære oss. Det viktigste
han fortalte meg var den enkle leveregelen om å rose minst tre personer
hver dag. Jeg når vel flere enn tre når jeg gir dagens største
og mest ektefølte ros til alle som orker å gjøre noe
for folk rundt seg. Enten som Veke-arrangører, kantinepersonale,
bussjåfører eller engasjert forelesere. Og den rosen
får de fordi de fortjener den og fordi den trengs for å holde
initiativet og pågangsmotet deres oppe. Og derfor trenger vi alle
å lære oss å vise tydelig at vi verdsetter andre sin
innsats for fellesskapet. Greier vi ikke det, blir det verken konserter,
revy, forelesere som orker bry seg, smil å få i kantina eller
i det hele tatt grobunn for de tingene vi setter mest pris på i
samfunnet vårt. Vi trenger ildsjelene, så hvorfor ikke prøve
å bevare dem og få fram flere, i stedet for å ta rotta
på dem vi har? Sur kritikk kan
drepe selv de beste intensjoner om å yte sitt beste, så hvorfor
ikke ta Per Inge på alvor og begynne å gi konstruktiv ros
i stedet for? Klarer du å forestille deg hva det kan føre
til om vi får det beste ut av alle rundt oss?
Til toppen
|